Arbeid med utviding av Myklebuståsen

Volda Maskin startar måndag 17. oktober arbeid med å lage parkering for turgåarar øvst i Myklebuståsen like ved snuplassen. Arbeidet vil ta om lag 14 dagar. 

- Svært mange innbyggarar nyttar området nord for Myklebuståsen til tur og rekreasjon, og det har lenge vore eit behov og ønske om å betre parkeringstilhøva her. Stad kommune ønskjer å legge tilrette for at folk skal vere i aktivitet, kjem seg ut i naturen og nyttar alle dei flotte turstiane vi har i kommunen, seier Arild Vonheim, rådgjevar i Stad kommune. Det vil komande veker bli litt mindre plass ved parkerings-/snuplassen øvst i Myklebuståsen. Vi oppmodar folk til å vise omsyn når dei parkerer i området i tida arbeidet pågår, avsluttar Arild.