Barna i Selje barnehage gjev glede til dei eldre på Seljetunet: Leve heile livet med livskvalitet

Sjukeheimsbesøket kvar veke skapar glede for både barn, tilsette og eldre, og gjev grobotn for læring. - Her kan du lese om Selje barnehage sitt spesielle prosjekt for å auke kvardagsgleda for dei eldre.

Innlegget er skrive av Helga Helgesen Rutledal, pedagog i Stad kommune/ Selje barnehage.

I 2016/2017 sette leiinga ved Seljetunet i gang eit systematisk arbeid for å auke livskvaliteten til bebuarane på Seljetunet. Ut ifrå dette arbeidet vart det sett i gang eit prosjekt i tråd med regjeringa si satsing på eldreomsorga gjennom kvalitetsreforma, Leve heile livet.

I 2018 starta gamle Selje kommune opp eit toårig prosjekt, «Livskvalitet på Seljetunet», med Maria Helgesen som prosjektleiar. Målsettinga var i korte trekk å skape livskvalitet for dei eldre livet ut. Prosjektet hadde fleire ulike måtar å jobbe fram mot målet, og eit av forslaga var å skape eit berekraftig samarbeid mellom barnehagen og sjukeheimen som ikkje berre skulle vare gjennom prosjektperioden, men leve vidare i åra framover.

Etter at styrar i Selje barnehage, Heidi Marie Løvold, fekk prosjektet presentert, var ho ikkje i tvil om at dette var noko Selje barnehage skulle vere ein del av. Sjukeheimsbesøket vart ein fast aktivitet frå den dagen, og er i dag ein naturleg del av det daglege gjeremålet i barnehagen kvar fredag!

Vi i Selje barnehage ser på dette samarbeidet som ein vinn-vinn situasjon. Det skapar glede for barna, dei tilsette og dei eldre, og gjev grobotn for læring.

Under pandemien var heile verda slik vi kjenner den, snudd på hovudet. For oss var det viktig at kvardagen i barnehagen skulle vere så trygg og normal som mogleg. Vi tok eit bevisst val om å gjere så mykje av dei vanlege aktivitetane som vi klarte, innanfor rammer som heldt ved lag alle retningsliner. Vi måtte sjølvsagt gjere ting på ein litt annleis måte og tenkje «utanfor boksen».

Besøk på sjukeheimen kunne ikkje lenger skje inne. Vi valde å bruke hagen og kommuniserte med dei eldre gjennom vindauga. Frå innsida av vindauge har bebuarane på Seljetunet sett våre små og håpefulle danse og leike, vi har laga snømenn og snølykter, vi har hengt opp julehjarter i adventstida, sunge til dei med gløtt på døra, vist fram bøker og teikningar, for å nemne noko.

 

 

Gjennom desse åra har vi gjort mange gode erfaringar, og vi veit at dette har gitt stor glede for dei som har venta på oss kvar fredag.

Besøket frå barnehagen er eit høgdepunkt for bebuarane og ei føreseieleg glede som ventar i enden av kvar veke. Når ein har noko å sjå fram til, har ein det betre. Det kan vere nok til å gje meining og glede i kvardagen og i livet generelt.

Barna erfarer å møte menneske i ulike epokar og delar av livet. Dei lærer om verdigheit, likeverd og toleranse, dei får kjennskap til å sjå ting frå andre sin ståstad, gje omsorg og vere eit godt medmenneske ved å tenkjer på andre og ynskjer andre godt. I tillegg får barna kjennskap til eit miljø og skapar gode erfaringar med eit viktig yrke innanfor helse og omsorg.

Det å sjølv kjenne glede av å ha gleda ein annan, er ein verdifull kompetanse å ta med seg vidare.

 

 

I ein normal kvardag, utan restriksjonar, blandar vi aldersgruppene og går på besøk med ein liten gjeng frå kvar avdeling. Dei minste barna opplever tryggleik i dei eldre barna som har lang og god erfaring med Seljetunet, og dei eldre barna får utøver omsorg ved å hjelpe og støtte dei yngste.

Sjukeheimsbesøket har blitt ein naturleg del av barnehagekvardagen, og er noko både tilsette og barn ser fram til. Barnegruppa og dei tilsette har eit felles mål for kvart besøk; å glede andre menneske. Felles mål skapar fellesskap, og fellesskap gjev grobotn for utvikling av vennskap og eiga sjølvkjensle. Saman gjer vi noko viktig, og kvart enkelt barn er ein viktig del av nettopp det.