Covid-19-utbrot i Stad - status fredag 12. mars kl. 22.30

Torsdag vart 65 personar testa. Dette var i hovudsak personar som vart testa på grunn av symptom, og nokre få nærkontaktar til dei som fekk påvist smitte onsdag.

Prøvesvar fredag viser at ingen nye personar har fått påvist smitte etter testinga som vart gjort torsdag 11. mars.

Fredag har Stad kommune tatt prøve av heile 288 personar. Dette er i hovudsak andre test for born/elevar/tilsette i barnehageavdelinga og skuleklassane som vart sett i karantene tidleg i veka, og andre test av personar som elles har vore i karantene i sju dagar eller meir. Det er også teke første test av elevar og tilsette i klassa ved Eid ungdomsskule som vart sett i karantene i går, og prøve av personar som vert testa på grunn av symptom på sjukdom. Svar på prøvene kjem i løpet av helga.

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.