Covid-19-utbrot i Stad - status måndag 15. mars kl. 20.00

Prøvesvar måndag kveld viser at ingen nye personar har fått påvist smitte etter testinga som vart gjort søndag 14. mars.

Måndag har Stad kommune testa om lag 110 personar. Dette er i hovudsak personar som er testa på grunn av symptom på sjukdom og eit mindre tal testar av nærkontaktar.

 Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Stad kommune oppfordrar framleis alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom i tida framover.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans 

Vi anbefaler no at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.  

Vidare vurderingar av smittesituasjonen vert gjort fortløpande i dagane framover.

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.