Covid-19-utbrotet i Stad – status fredag 19. mars kl. 23.00

Torsdag vart 40 personar testa på Nordfjordeid. Dei fleste av desse var personar som vart testa på grunn av symptom på sjukdom. I Selje vart 89 personar testa torsdag. Blant desse var tilsette og born i to av avdelingane i Selje barnehage som vart sett i karantene som nærkontaktar onsdag kveld, og omkring 40 personar som vart testa på grunn av symptom på sjukdom.

Resultat fredag kveld viser at fem tilsette og eitt barn i Selje barnehage har fått påvist smitte. Alle dei smitta har utvikla symptom dei siste dagane. Dei nye smittetilfella har til saman om lag 40 nærkontaktar. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa laurdag. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene.

Det var ingen andre positive prøver i Selje og ingen positive prøver på Nordfjordeid.

Fredag vart 168 personar testa på Nordfjordeid og 148 personar i Selje. Prøvesvar er venta i løpet av helga.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.  

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.