Covid-19-utbrotet i Stad – status fredag 26. mars kl. 22

Fredag kveld har ein fått svar på alle prøver tatt i Selje onsdag 24. mars. Prøvesvar frå onsdag viser at til saman seks personar i to ulike husstandar har fått påvist covid-19. Alle har vore i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos andre i husstanden, og dei utløyser ingen nye nærkontaktar.

I tillegg har ein person i Selje fått påvist covid-19 etter hurtigtest tatt fredag. Også denne personen har vore i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos ein annan i husstanden, og det er ingen nye nærkontaktar.

Fredag har ein då funne at til saman sju nye personar har fått påvist covid-19 i Selje. Alle har vore i karantene i husstandar med tidlegare påvist smitte, og det er ingen nye nærkontaktar i samband med desse sju smittetilfella.

Fredag kveld har det ikkje kome svar på prøver tatt i Selje torsdag. Utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus og Haukeland sjukehus gjer dessverre at svartider er forlenga.

Fredag kveld har ein fått svar på alle prøver tatt på Nordfjordeid onsdag og torsdag. Alle prøvesvar er negative.  

Fredag vart om lag 30 personar på Nordfjordeid og om lag 100 personar i Selje testa for covid-19. Ein stor del av dei testa i Selje fredag, er andre gongs test for skuleklasser, barnehageavdelingar og andre som sit i karantene. Svar er venta i løpet av helga.  

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.