Covid-19-utbrotet i Stad – status laurdag 20. mars kl. 22.00

Laurdag kveld har det kome svar på 273 av dei 316 prøvene som vart tekne fredag.

Resultat laurdag kveld viser at i Selje har to barn på første trinn ved Selje skule og eitt barn i Selje barnehage fått påvist smitte. Alle desse var i karantene.

Fem andre nærkontaktar i Selje har også fått påvist smitte laurdag kveld. Alle desse var i karantene fordelt på to ulike husstandar med tidlegare påvist smitte.

Éin person i Selje har fått påvist covid-19 etter å ha testa seg på grunn av symptom fredag. Denne personen var ikkje i karantene, men kartlegging viser ei sannsynleg kopling til eit miljø med påvist smitte. Alle nye nærkontaktar vert sett i karantene laurdag kveld og testa søndag.

Laurdag kveld viser resultata også at ein nærkontakt på Nordfjordeid har testa positivt på andre test i karanteneperioden. Smittetilfellet er ikkje kopla til skule eller barnehage.

Til saman er det laurdag kveld påvist ti smittetilfelle etter at det er kome svar på 273 av 316 prøver tatt fredag. Dei siste 43 prøvesvara vil vere klare søndag kveld.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.  

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.