Covid-19-utbrotet i Stad – status laurdag 27. mars kl. 20

Prøvesvar frå torsdag viser at fem nye personar i Selje har fått påvist covid-19. Alle fem har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta. Den eine av dei har to nye nærkontaktar innanfor eigen husstand.

Prøvesvar frå fredag viser at ytterlegare to personar i Selje har fått påvist covid-19. Også desse har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta, og det er ingen nye nærkontaktar.

Til saman har då prøvesvar frå torsdag og fredag vist at sju nye personar i Selje har fått påvist covid-19. Alle har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta. Ein har no fått svar på alle prøver tekne i Selje torsdag og fredag.

Det er ingen positive prøver frå testing på Nordfjordeid torsdag og fredag.

Dei siste dagane har ein berre påvist smitte hos personar som har vore i karantene. Dette viser at tiltaka med omfattande karantene og testing gradvis har gitt meir og meir kontroll på situasjonen i Selje. Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg. Det vert tilbod om testing i Selje også søndag ettermiddag for personar med symptom med sjukdom. Timebestilling kan gjerast via Nordfjord Legevakt.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.