Covid-19-utbrotet i Stad – status måndag 22. mars kl. 23.00

Prøvesvar måndag kveld viser at fire vaksne personar i Selje har fått påvist smitte med covid-19. Alle desse er nærkontaktar innanfor familiar med tidlegare smitta, og alle var i karantene. Ein av dei fire har testa positivt på hurtigtest og vil ikkje vere med i tala frå Helse Førde før svar på PCR-test også er klart tysdag kveld.  

Måndag kveld viser også prøvesvar at ein vaksen person på Nordfjordeid har fått påvist smitte. Denne personen er nærkontakt i same husstand som ein tidlegare smitta. Personen var difor i karantene og smitteveg er kjent.

Til saman er det måndag påvist fem nye smittetilfelle. Alle som fekk påvist smitte måndag kveld var i karantene som nærkontakter til tidlegare smitta, og har soleis kjent smitteveg. Dette talar for at ein er på veg mot å få ytterlegare kontroll på utbrotet. Prøvesvar dei komande dagane vil avklare dette ytterlegare.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Det er måndag testa om lag 100 personar i Selje og 70 personar på Nordfjordeid.

Kommuneoverlegen vil tysdag morgon ferdigstille ei ny overordna risikovurdering av smittesituasjonen i samband med utbrotet. Denne vert gjort kjent tysdag.  

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.