Covid-19-utbrotet i Stad – status søndag 28. mars kl. 19

Det er ikkje påvist nye personar med covid-19 i Stad kommune søndag.

Det vart ikkje tatt prøver laurdag. Søndag er om lag 20 personar testa i Selje, og svar er venta måndag kveld.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.