Covid-19-utbrotet i Stad – status torsdag 18. mars kl. 08.30

Prøvesvar onsdag kveld viste at til saman fem nye personar har fått påvist smitte etter testing tysdag. Tre av desse personane var allereie i karantene på grunn av kjent kontakt med tidlegare smitta, og desse tre smittetilfella utløyser ingen nye nærkontaktar.

Dei to andre tilfella er personar som testa seg ved Selje legekontor tysdag på grunn av symptom. Foreløpig kartlegging viser ei sannsynleg kopling til utbrotet på Nordfjordeid og til smittetilfellet som vart påvist i Selje i tysdag Desse to nye tilfella utløyser til saman ca 15 nærkontaktar. På grunn av ei utvida kartlegging tysdag kveld, vart mange av desse nærkontaktane sett i karantene allereie tysdag kveld og testa onsdag. Husstandsmedlemmer til alle nærkontaktar er sett i ventekarantene.

To born i familien til ein av dei to nye smitta i Selje, er vurdert å kunne vere smitta. Begge borna går i Selje barnehage, og dei kan då ha vore smittsame inn i avdelingane dei går i tysdag og måndag. Born og tilsette i desse to avdelingane i Selje barnehage er sett i karantene og vert testa torsdag. Husstandsmedlemmar til borna/dei tilsette er sett i ventekarantene i påvente av negativt svar på testen.

Eit større tal personar vart elles testa på bakgrunn av symptom på sjukdom tysdag. Alle desse testane var elles negative.

Vurderinga av den samla smittesituasjonen, tiltak og anbefalingar er ikkje endra. Vidare vurderingar vert gjort i samråd med FHI i dagane framover.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Onsdag vart om lag 90 personar testa. Prøvesvar på desse er venta torsdag kveld.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom i veka som kjem.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.  

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.