Covid-19-utbrotet i Stad – status torsdag 25. mars kl. 22.30

Torsdag kveld er det ikkje varsla nye positive prøvesvar for Stad kommune etter testing onsdag. Utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus og Haukeland sjukehus gjer dessverre at svartider er forlenga.

Torsdag kveld kl. 22 har det kome svar på 25 av om lag 60 prøver tekne på Nordfjordeid onsdag. Det har ikkje kome svar på nokon av dei om lag 80 prøvene som vart tekne i Selje onsdag.  

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.