Digitalt valkort - Stortings- og sametingsvalet 2021

Førehandsrøystinga til årets stortings- og sametingsval starta 10. august og i år har dei fleste motteke valkortet digitalt. Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med ein SMS.

Velgjarar som brukar digital postkasse frå Digipost eller E-boks har fått valgkortet der. Har du ikkje ei digital postkasse er valgkortet tilgjengelig i Altinn. 

Velgjarar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månedene har fått tilsendt valgkortet på papir.

Valkortet er ei stadfesting på at du har stemmerett ved årets stortings- og sametingsval. I tillegg finn du nyttig informasjon om valet på valkortet. Digitale valkort kan brukast direkte på mobiletelefonen, og du treng ikkje skrive det ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal stemme, men det gjer sjølve stemmegjevinga enklare og raskare. 

Det einaste du MÅ ha med deg er legitimasjon med fullt navn, bilde og fødselsdato. 

Du kan ikkje stemme stemme på nett med digitalt valkort. Det er ikkje gjort endringar i korleis valet  blir gjennomført, og velgjarane må møte opp i vallokala og stemme på papirstemmesetlar som tidlegare. Du kan stemme i heile landet fram til 10. september. På valdagen må du stemme i kommunen der du er folkeregistrert. 

Du finn meir informasjon om digitale valkort og valet på valg.no.