Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Tysdag kveld viser resultat frå testing gjort på Nordfjordeid måndag, at éin person har testa positivt for covid-19.

Personen har vore i karantene etter nærkontakt med ein smitta person frå Ålesund og fekk no positivt svar på testen som vart tatt mot slutten av karanteneperioden. Éin person i same husstand er sett i karantene og vert testa. Smittesporinga er avslutta.