Førjulskos i Leikvang barnehage

Det har vore mykje kjekk Lucia- og førjulsfeiring i tenestene i Stad kommune også i år! Desember er ei ekstra koseleg tid, og alle skular og barnehagane har nytta det fine vinterværet med snø og kulde til kjekke aktivitetar ute.

Borna i Leikvang barnehage har storkosa seg i snøen i desember. Dei har også vore travle med mange kjekke juleaktivitetar inne. 

Her eit lite utval fine augeblikk som har vore til glede for små og store i desembertida!

Pepperkakehus - Klikk for stort bileteStorbarnsavdelingane har laga pepperkakehus og figurar til pepperkakelandsbyen på Stadlandet. Barn som går i Luciatog - Klikk for stort bilete13. desember markerte barnehagen Luciadagen med tog og sang til foreldrene, ute i nydeleg og kaldt vintervær Julepynta bygg - Klikk for stort bileteJulestemning i Leikvang barnehage.
Bygget Leikvang barnehage - Klikk for stort bileteVarmt og godt inne, kaldt og friskt ute! Juletre som er pynta - Klikk for stort bileteFlott julepynt i alle former og fargar! Dekorerte pepperkaker som heng i taket - Klikk for stort bileteSmåbarnsavdelinga har dekorert fine pepperkakehjerter som dei har pynta med på avdelinga.
Julekalender formet som ein nisse - Klikk for stort bileteAvdelingane har ulike julekalenderar, og tel flittig ned dagane fram til jul. Servering av Luciakaker - Klikk for stort bileteHeldige foreldre som fekk servert nydelege lussekatter som barna hadde laga! - Kjekt å bake, kjekt å servere, kjekt å ete! Marspiankake - Klikk for stort biletePersonalet fekk hyggeleg førjulsbesøk av Utdanningsforbundet Stad, som hadde med ei smakfull julehelsing alle sette stor pris på!

Leikvang barnehage ønsker god jul!