Gratis sommarskurs for barn mellom 6 og 12 år

Eid Symjeklubb skal arrangere sommarkurs veka etter skuleslutt (20. - 24. juni).  Sommerkurset er gratis å melde seg på og går over fem dagar (ei veke). 

Målgruppa for kurset er barn mellom 6 og 12 år.Eid symjeklubb  tilbyr kurs tilpassa tre ulike ferdighetsnivå. Den fyrste gruppa har treningstid frå kl 09.00 den neste frå kl 11.00 og den tredje frå kl 13.30. I tillegg til opplæring i grunnleggjande symjeferdigheiter vert det fokus på leik, trygg ferdsel ved sjø/vatn og tilpassa undervisning i livredning. 

Påmeldinga skjer på nettsida www.tryggivann.no frå fredag 27.05. Det er "første mann til mølla" prinsippet, det er 16 plassar i kvar gruppe. Totalt tilbyr symjeklubben kursplasser til 48 barn. På nettsida er det og meir informasjon om dei ulike kursa.