Har du innspel til temaplanar for vatn, avløp og overvatn for Stad kommune?

Formannskapet i Stad kommune vedtok 8. september å legge ut forslag til nye temaplanar for vatn, avløp og overvatn. Frist for å gje innspel er 6. oktober 2022. 

Gjennom desse planane ønsker vi å sikre at innbyggarane i Stad opplever at det er trygt å bu i Stad, og at dei får dekka sine grunnleggande behov for tenester innan vassforsyning, avløpshandtering og overvasshandtering. FN sitt berekraftsmål 6 som handlar om reint vatn og gode sanitærforhold er direkte relevant i arbeidet med vatn, avløp og overvatn i Stad kommune.

Forslag til nye temaplanar

Planane vert no lagt ut til offentleg ettersyn for å sikre at innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre interessentar får høve til å uttale seg før endeleg vedtak. Alle er velkomne til å gje sine innspel til planforslaga.

Temaplan for vatn

Temaplan for avløp

Temaplan for overvatn

Utfyllande informasjon med tilhøyrande bakgrunnsdokument er å finne i den politiske saka, F-sak 22/091.  

Kva ønskjer vi innspel på?

Vi ønskjer tilbakemeldingar på både innhald og prioriteringar.

  • Er mål og strategiar rette med tanke på kommunen sine utfordringar?
  • Kan kriteria for prioritering av investering, drift og vedlikehald forbetrast? Kva kriterium bør eventuelt endrast?
  • Korleis kan vi betre legge til rette for alle innbyggjarane sine behov knytt til tenester innan vatn, avløp og overvatn? 

Korleis gje innspel?

Gje innspel innan 6. oktober

Høyringsfrist 6.10.2022

Vidare behandling

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planen vert lagt fram for endeleg vedtak. Det er lagt opp til vedtak i oktober 2022.