Høyring av Stad marine verneområde

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg Statsforvaltaren i Vestland  verneframlegget for Stad marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 15. april 2022. 

Heile høyringa finn du her

Innspel
Høyringsbrevet (ligg til høgre i sin heilskap) og tilhøyrande dokument er sendt til offentlege instansar, foreiningar og interesseorganisasjonar. Alle involverte partar blir oppmoda til å ta del i høyringa. Fråsegn kan du sende til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller til sfvlpost@statsforvalteren.no

Merk saka med «Høyring av Stad marine verneområde». Vi tek med oss alle innspel til oppstartsmeldinga vidare i prosessen, der dei vil bli handterte som høyringsfråsegn med mindre vi har fått ny uttale frå dykk. Høyringsfristen for å kome med fråsegn til verneframlegget er sett til 15. april 2022.

Vedlegg til høyringa finn du her:

Høyringsdokument med adresseliste (PDF, 2 MB)

Høyringskart - oversiktskart (PDF, 8 MB)

Høyringskart - detaltkart (PDF, 2 MB)

Framlegg til verneforskrift  (PDF, 124 kB)

Innkomne merknadar  (PDF, 89 kB)

Møtereferat (PDF, 95 kB)