Infomøte og marknadssøk for Statens - invitasjon eigedomsutviklarar

Stad kommune er vertskommune for den nasjonale piloten «Statens hus».
I pilotprosjektet skal mogleg­heitene for ei samlokalisering mellom Politiet, NAV og Skatteetaten i Nordfjordeid sentrum avklarast.

Pilotprosjektet Statens hus vil gjennom eit informasjonsmøte 8. juni få gitt ut informasjon om prosjektet og kome i dialog med aktørar som ser dei kan kome i posisjon til å tilby utleige av fleksible og moderne lokalar, der det blir tilrettelagt for sambruk av diverse fellesfasilitetar. Lokala må vere arealeffektive, klimavennlege og stette krava til universell utforming. Lokalisering og utforming må kunne ivareta leigetakarane sine krav til tryggleik.

Førebels avdekt arealbehov er estimert til 1500 – 2500 kvm. BTA. Etatene kan lokaliserast i eit eksisterande bygg med andre aktørar (eigen inngang i separat del av bygg) eller i eit eige bygg (eksisterande eller nytt). Estimert overtaking ultimo 2024, og utleigar må kunne tilby ferdige lokaler til dette tidspunktet.

I møtet blir det:

  • gitt informasjon om samlokaliseringsprosjektet
  • sett av tid til individuelle samtalar med førehandspåmeldte aktørar
  • gjort avtale om synfaring av bygg/tomt med førehandspåmeldte aktørar

9. juni 2022 vil det bli gjennomført synfaring saman med førehandspåmeldte aktørar på eigedomar som etter ei vurdering framstår som aktuelle.

Ved påmelding vil ytterlegare informasjon om konferansen og underlag for individuelle samtalar bli sendt ut til den enkelte.

Resultatet av innkomne svar vil avklare potensialet for samlokalisering og gi bidrag til val av konsept for samlokalisering.

Påmelding skjer ved å melde inn opplysningar om aktuelt leigeobjekt på www.statensinnleie.no
innan torsdag 2.6. Etterpåmelding er mogleg.

Spørsmål frå media rettast til Stad kommune v/rådgjevar Hans Thomas Solheim, tlf. 958 53 319 eller ass. kommunedirektør Kristine Dahl, tlf. 905 36 157.