Informasjon om telefonnummer - Seljetunet

Ein kan ikkje lenger ringe direkte til fasttelefon på rom lenger, her kjem informasjon om telefonnummer ein kan nytte for å kome i kontakt med bebuarar. 

Telenor varsla i 2019 at dei ville leggje ned kopparnettet innan 2022 då det ikkje lenger møter dei krav til stabilitet, fart og kapasitet som trengst.

Vi ser i ettertid at det var fleire bindingar opp mot det gamle sentralbordet enn det vi eller Telenor klarte å spore opp, noko som resulterte i at det ikkje blei sendt ut varsling om utfasing til dei bebuarane det gjeld på Seljetunet, dette er sjølvsagt beklageleg.

Dette vil i praksis sei at nummerserien knytt til kvart enkelt rom ikkje lenger virker og ein kan dermed ikkje ringe direkte til fasttelefon på enkeltrom lenger.

For å løyse denne utfordringa ber vi om at alle som ringer for kontakt med bebuarar på seljetunet som ikkje har mobiltelefon ringer til avdelinga dei bur på , de vil då treffe tilsette på avdelinga som kan gje telefonen vidare til aktuell bebuar.

Det er ynskjeleg at ein henvendar seg mellom 10-13 på dagtid og 15-19 ettermiddag/kveld om dette let seg gjere.

Avdeling A:57858924

Avdeling B:57858926

Avdeling C:57858914

Avdeling D: 57858916

Bufellesskap 1.etg: 57858980

Bufellesskap 2.etg: 57858932

(Natt: 57858911)

 Om det er spørsmål, ta kontakt med leiar Annette Hovden eller Stine Silden.