Inviterer til info. møte om reguleringsarbeid knytt til Stad skipstunnel

Kystverket  og Stad kommune inviterer innbyggjarar i Kjøde og Moldefjorden til informasjons- og innspelsmøte om Stad skipstunnel og pågåande planprosessar for Moldefjorden og Kjøde 23. juni.

  • Kjøde skule kl. 16-18
  • Moldefjorden grendahus kl. 19-21

Stad kommune har nyleg vedteke kommunedelplan for sjøareal, der det er lagt til rette for utvikling av rigg- og næringsområde basert på steinmasser etter Stad skipstunnel.

Med bakgrunn i planen har kommunestyret i Stad kommune gjort vedtak på prioriterte område for masse, som er Lestovika - Eide, Kjøde og områda ved tunnelopningane. I plan for sjøareal er det også gjeve høve for innbyggjarane i Moldefjorden og Kjødepollen til å oppføre mindre sikringstiltak for å verne eksisterande naust og kaier, etter søknad. 

Arbeid med reguleringsplanar for vedtekne område tek no til, og vi ønskjer å informere om planprosessen og på 
kva måte du har moglegheit til å påverke i prosessen. 

Agenda for møtet

  • Stad skipstunnel - orientering om siste status i prosjektet, v/Terje Skjeppestad, prosjektleiar Stad skipst./Kystverket
  • Skipstunnelen i eit større perspektiv - Korleis skape større bu- og besøkslyst i området? Nordplan har arbeidd med eit moglegheitsstudie for Moldefjorden og Kjøde for å sjå på potensiale for positive ringverknader og tiltak knytt til nærområda. v/Kristine Dahl, ass. kommunedirektør Stad kommune
  • Planprosess for reguleringsarbeid, v/Stad kommune og Multiconsult   
    - Lestovika - Eide (riggområde for Kystverket under bygging av tunnelen, etterbruk næring).  Jf. vedtak; KS - 22/044 Oppfølgingssak om næringsområde i Moldefjorden - Moldestad og Lesto. Vedl. sak KS - 22/016 
    - Kjøde (riggområde for Kystverket under bygging av tunnelen, etterbruk næring). Jf. vedtak; KS – 22/042 Kjøde Næringspark oppstart forstudie og planarbeid. 
    - Tunnelportalane - entringsområde ved begge sider av tunnelen. Jf. vedtak; KS - 22/016

Det vil i møte også vere mogleg å melde inn eigne innspel.

Har du spørsmål knytt til møtet, ta kontakt med Stad kommune v/Hanne Marie Utvær tlf. 91 10 27 79.
e-post: hanne.marie.utver@stad.kommune.no