Karriere Vestland – gratis karriererettleiing for nye moglegheiter

Skal du gjere viktige karriereval? Karriere Vestland er Vestland fylkeskommune sitt tilbod om gratis og profesjonell karriererettleiing til alle vaksne over 19 år. 

I dei tilfella der ein skal gjere viktige karriereval, som til dømes velje høgare utdanning, eller skifte jobb av ulike årsaker, opplever mange at ein samtale med ein profesjonell karriererettleiar kan bidra til refleksjon, ny innsikt og større handlingsrom. 

Karriere Vestland hjelper gjerne når du:

  • må eller vil finne ny jobb
  • skal søkje etter ny jobb
  • synest det er vanskeleg å orientere deg i arbeidsmarknaden, eller utdanningssystemet
  • er usikker på kva du kan bruka kompetansen din til
  • har mista motivasjon i høve til jobb eller utdanning
  • skal søke høgare utdanning, eller vidareutdanne deg
  • treng påfyll av ny kompetanse, men er usikker på kvar og korleis du skal gjera det

Bestill time her!

Meir informasjon