Kommunalt vintervedlikehald - unngå leik ved vegar og parkering

Stad kommune oppmodar alle vaksne om å snakke med borna sine om farane ved å lage snøholer ved veg/parkering og leike i desse, eller å ake i brøytekantane og på offentlege vegar.

  • Hjelp gjerne borna å finne andre kjekke stadar for leik! 
  • Ved store snøfall vil det ta lenger tid enn normalt før alle vegar er ferdig brøyta. 
  • Vis omsyn til mannskap som utfører brøytinga. Det skal ikkje parkerast i vegbana slik at brøyting vert hindra, jf. vegtrafikklova § 37 pkt b.
  • Hald god avstand til brøytemaskiner. 
  • Ikkje legg snø frå private areal ut i vegbana – dette er forbode jf. Veglova §57.
  • Vis omsyn i vegkryss med dårlig sikt pga. snø. Desse vil bli rydda etter snøfallet.
  • Sko køyretøya etter forholda, jf. forskrift om bruk av køyretøy.
  • Ved snøbrøyting vert snø også ført inn i private avkøyrsler. Det er då ikkje lov å føre snøen tilbake til veg eller fortau. Veglova slår fast at avkøyrsleeigar er ansvarleg for vedlikehaldet av avkøyrsla til sin eigedom. Dette gjeld og fjerning av snø.
  • Det er ikkje lov å legge snø på offentleg trafikkareal (fortau/ vegbane) etter rydding av eiga avkøyrsle, jf Veglova §57.
  • Husk å rydde snø slik at du har god sikt til begge sider i avkøyrsla di mot offentleg veg.

 

Med helsing

Stad kommune, kommunalteknikk