Korleis står det til med folkehelsa i Stad kommune?

I dag 20. april går startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gje Stad kommune ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane våre har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. Undersøkinga vil gje Stad kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Stad kommune, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

- Det har stor betyding at flest mogleg av innbyggjarane våre tek del i dette. Mange svar gjev gode data. Etter to år med pandemi er det særleg viktig å få oversikt over korleis innbyggarane våre har det, seier ordførar Gunnar Silden.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000. Gåvekorta er gyldig i fem år. 

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå https://vestlandfylke.no/fhus

Kontaktinformasjon: folkehelse@vlfk.no tlf.: 512 07 150.