Kulturnatt 4. - 6. november 2022

Vi du vere med å feire og markere lokalt kulturliv?
Bli med på Kulturnatta! Meld deg på til fellesprogrammet og bli marknadsført i heile kommunen.
Påmeldingsfrist er 24.oktober. 

Stad kommune vil markere og feire lokalt kulturliv 4. - 6. november 2022.

 Har du, ditt lag, din organisasjon, kunst eller kulturaktørar planar denne helga? Eller lyst å lage planar for å vere med på Kulturnatt? Meld deg på her (bedrifter og andre kan melde seg på også)

Dei som melder seg på har ansvar for eige arrangement, men blir ein del av ei felles stor marknadsføring av alt som skjer #einstad i Stad kommune denne helga. 

Er det eit ungdomsarrangement kan ein få transportstøtte.  

Ta kontakt med koordinator i Stad kommune Maria Helgesen tlf. 958 69 223 om du har spørsmål.
Meir informasjon og påmeldingsskjema finn du her