Du kan no nominere dine kandidatar til Stad kommune sin kulturpris og Ungdomens kulturpris! Send inn din nominasjon med grunngjeving på det digitale skjemaet du finn her.
Nominer dine kandidatar her!
I skjemaet vel du om du nominerer til kulturprisen eller ungdomens kulturpris. Du vel også om du nominerer som privatperson eller om du gjer det på vegne av eit lag eller ein organisasjon. Merk at du treng BankID for å opne skjemaet.
Kulturprisen
- skal vere ein heider til mottakar og ei støtte for arbeidet med kunstnarleg og kulturell verksemd i kommunen.
- kan gjevast til ein person, eller i særlege høve delast mellom fleire personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune.
Ungdomen sin kulturpris
- skal stimulere til vidare satsing, og skal vere med å dekkje utgifter i samband med konkurransar, samlingar, utdanning eller andre oppgåver.
- kan tildelast ein utøvar, delast på fleire kandidatar, ei gruppe av utøvarar eller til ein ungdomsleiar som har oppnådd ein prestasjon, eit resultat eller eit nivå som er utanom det vanlege innan kulturlivet i kommunen.
- skal gjevast til personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. Mottakar av Ungdomens kulturpris må vere under 25 år og må vere busett i Stad kommune. For grupper må gjennomsnittsalderen ikkje vere over 25 år.
Idrettsprisen
Stad idrettsråd har sidan opprettelsen av idrettsrådet i 2020, delt ut idrettsprisen, slik tradisjonen var i Selje kommune.
Prisen skal gå til ein utøvar som har utmerka seg innanfor si idrettsgrein, eller til personar eller lag som over tid har lagt ned ein stor innsats for idretten i sitt lokalmiljø. Prisvinnaren må vere heimehøyrande i Stad kommune. Det er Stad idrettsråd som fattar vedtak i saka.
Du kan nominere dine kandidatar ved å sende din nominasjon til Stad idrettsråd på e-postadressa stad.idrettsrad@gmail.com.