MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Infovideo om utbrotet i Stad mars 2021

Informasjon om KORONATESTING - Informasjon om VAKSINERING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Lansering av e-Torg for Stad kommune

Lansering av e-Torg for Stad kommune

Stad kommune lanserer no ei ny sjølvbeteningsløysing for fleire kommunale tenester gjennom Stad kommune sitt e-Torg. 

E-Torg er kommunane sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Tenesta ligg tilgjengeleg på kommunen si heimeside under Sjølvbetening.

Her finn du bl.a. digitale kart, meklarpakke, 3D-modellar, områdeanalyse, flybilderapport, nabovarsling både på papir og elektronisk og eigedomsinformasjon.

Klikk for stort bileteRoy Cato Hopland og Odd Harald Heggen i Stad kommune er godt nøgde med å kunne tilby ei meir effektiv og enkel teneste.Dette sjølvbetente tilbodet gjer at innbyggjarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet og det er rask levering.

Det er kommunane Stryn, Bremanger og Kinn i tillegg til Stad som får på plass denne tenesta. I fjor haust var det lansering av det same tilbodet i nabokommunane på Sunnmøre.

Målet er at det skal vere enklare for innbyggjarane og profesjonelle aktørar å finne opplysningar og sende søknader enn tidlegare. I tillegg vil den digitale løysinga frigjere kapasitet for dei tilsette i kommunane.

 

– Vi har store mengder med digital data. Tidlegare har dette blitt henta ut manuelt, men gjennom e-Torget blir ein del av det automatisert. Tenesta er sjølvbetent og brukarane vel kva data dei skal kjøpe. Dette fungerer som ein vanleg nettbutikk, seier Odd Harald Heggen som er fagleg leiar for kart- og oppmåling i Stad kommune.

Gjennom e-Torg vil brukarane få tilgang på naudsynt data raskare enn tidlegare.

Det viktigaste er at brukaren no får tak i data på ein enkel måte. For oss vil det og bli lettare å levere raskare enn tidlegare. Vi har sett fram til å presentere denne tenesta for innbyggjarane.
Dette kjem alle til nytte, seier Roy Cato Hopland.

I startfasen vil det vere nokre dagar lenger leveringstid, men etter kvart vil ein kunne levere ut info kjapt. Det skil seg litt kva produkt det er, for nokon produkt må framleis hentast ut manuelt.

Kommunane i Nordfjord har samarbeida med Norkart om tenesta som no er lansert. Totalt er det rundt tjue ulike produkt som kan bestillast gjennom plattforma og som ligg tilgjengeleg med nokre få tastetrykk for brukaren.

Tidlegare lanserte Stad kommune MinEigedom der det ligg oversikt over bl.a. kommunale avgifter for den enkelte sin eigedom.

Brukaren har soleis no eit tilbod for å finne mange trengande opplysningar uavhengig kommunen sine opningstider.