Meld frå om mørke veglys!

Det nærmar seg mørkare tider, og vi får meir behov for  lys i lampane langs vegane våre. Dersom det er veglys langs kommuneveg eller fylkesveg som er ute av drift, vil vi gjerne ha beskjed om det!

Kommunen planlegg no ei samlerunde i heile Stad kommune med pæreskift og reparasjonar frå 15. september. For å få med alle mørklagde lampar, er vi avhengige av tips frå dykk som brukar vegane. 

Så - er du ute langs vegen og ser mørklagde lampar, ber vi om at du sender ein e-post til post@stad.kommune.no. Oppgi gateadresse eller merk av på eit kart kvar lampen står, slik at det vert lett å finne for oss og reparatørane. Alternativt kan du ta kontakt sentralbordet på tlf  57 88 58 00

Stad kommune driftar alle veglysa langs dei kommunale vegane. Langs fylkesvegane er det i hovudsak Vestland fylke som har ansvar for veglysa, men her er også nokon kommunale anlegg. Langs riksvegane er det Statens vegvesen som sørgjer for vedlikehald av veglysa. 

Ta kontakt med oss!