Melding om kloring av drikkevatnet frå Stadlandet vassverk

Det vert fredag 18. juni satt i gang kloring av drikkevatnet som vert levert frå Stadlandet vassverk. Det er ei lågdose-tilsetting som vert gjort for å fjerne uønska bakterievekst ute i leidningsnettet. 

Kloret kan gje noko lukt og smak av vatnet. Tiltaket er mellombels og vil pågå fram til vassprøvene syner at vatnet igjen er heilt reint og bakteriefritt.

Bakgrunnen for kloringa, er at det er funne koliforme bakteriar i vatnet ute på leidningsnettet. Som regel er ikkje koliforme bakteriar i drikkevatnet eit problem i seg sjølv. Vatnet er godt drikkande, og det er ikkje vurdert som naudsynt å koke det først. For Stadlandet vassverk har vi kontrollert både reinseanlegget på Fløde og høgdebassenga. Prøvene viser at vasskvaliteten er god. Årsaka er såleis venta å vere knytt til leidningsnettet.

Stad kommune vil ta prøver av vatnet fortløpande, og vi har eit godt samarbeid med Mattilsynet om nødvendige tiltak.