Mottak av flyktningar i Stad kommune

I første omgang har regjeringa bestemt at det skal hentast inntil 5250 ukrainske flyktningar til Norge. Det er stor usikkerheit knytt til kor mange flyktningar som kjem, men regjeringa meiner det er nødvendig med tiltak som tar høgde for opptil 100.000 menneske.

Som kjent har Stad kommune vedteke å busetje 25 flyktningar i 2022. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) er klare på at dersom vi tar imot flyktningar frå Ukraina, så kjem desse i tillegg til dei vi har gjort avtale om.

Sak om kor mange fleire flyktningar Stad kommune kan ta imot blir politisk behandla i formannskapet 24.03 og i kommunestyret 31.03. Antalet kommunen kan ta imot vil vere avhengig av tilgjengelegheit på bustadar. Det pågår no eit kartleggingsarbeid for å få oversikt over både private og kommunale bygg som kan eigne seg som bustad for flyktningane. 

Kommunen må også vurdere kapasitet i tenestene. Dei som er registrerte og blir busett etter avtale med IMDi vil ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet og skal få opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Barn vil ha rett på barnehageplass og opplæring i skule, og alle vil ha rett til helsehjelp.

Det er viktig at kommunen kan gje flyktningane som kjem eit rettmessig og godt tilbod, i tillegg til ein stad å bu. Dette vil også ha vere avgjerande for kor mange kommunen kan ta imot.