Nattestenging over Mannseidet i dag 25. august

 I samband vegarbeid vert fv. 618 over Mannseidet i Stad kommune stengd natt til fredag 25. august  og natt til måndag 29. august.

Det skal støypast nytt rekkverk på fylkesvegen mellom Eide og Kjøde, men før dette kan gjerast må massane skiftast ut på delar av vegen. Det betyr at vegen blir stengd allereie i kveld klokka 22.

I tillegg til nattestengingane kan det også bli behov for å stenge vegen i periodar på inntil ein time på måndag 29. august.

For meir informasjon om vegstenging  sjå Vestland fylkeskommune  eller ring Vestland fylke på tlf 05557