Nytt, kjekt ungdomstilbud på Nordfjordeid

Hamna aktivitet og helse startar denne hausten opp med Ungdomskveld kvar fredag fram til jul. Tilbodet er tilrettelagt i samarbeid med Stad kommune og støtta gjennom Buf.dir-midlar som Hamna har søkt.

Tilbodet vil vere ope annankvar fredag for ungdomskuleelevar og annankvar fredag for VGS elevar.

- Vi startar opp med tilbodet allereie førstkommande fredag - denne gongen med ein kveld for ungdomsskuleelevane, seier Kristian Haga, senterleiar på Hamna aktivitet og helse.
Fredagar frå kl. 20.00-22.00 vert det gratis inngang, pizza og lån av klatresko. Vi håper mange vil benytte seg av tilbodet og finne glede i å møtast her. 

Desse kveldane vil Hamna tilrettelegge med instruktørar i buldring, trening og dans. Det vil innimellom også dukke opp andre kjekke tilbod. I tillegg til desse aktivitetane vil ungdomane kunne spele bordtennis, brettspel og moglegheit til berre å henge med venner, opplyser Kristian.

Hamna har også vore i dialog med Ungdomsrådet i Stad, som har bidratt med med gode innspel til kva ein slik kveld skal inneholde. Dette er innspel Hamna vil ta med seg i vidare arbeid med tilbodet.

Meir info om kvar enkelt kveld vil komme kvar veke på Hamna og ungdomsrådet sine sosiale medier.

Foto: Bjørn Erik Drabløs (Fjt).