Oppstart av anleggsarbeid for damsikring på Fossane

I neste veke startar kommunen opp med anleggsarbeidet på Fossane knytt til forsterking av damanlegget. Anleggsperioden er planlagt å starte førstkomande måndag 28. juni og vil vare fram til planlagt ferdigstilling 15. november.

Det vil i anleggsperioden tidvis bli stor trafikk til og frå Fossane, spesielt under rigging og forarbeid i starten, og ved oppstart av betongarbeid i august. Alt betongarbeid skal utførast med helikopter.

Veidekke er utførande entreprenør på oppdraget. Dei vil etablere to riggområder i prosjektet, til plassering av brakker, transport/parkering og utstyrshandtering, samt kontaktpunkt mellom betongbil og helikopter. Desse er vist på karta under. Det er to moglege riggområder lengst nede – eit ved høgdebassenget og eit litt lenger aust. Mest truleg vil Veidekke nytte riggområdet lengst aust.

Det er i forkant av oppstart lagt på ny grus på vegen opp til Fossane. Det er også utført lett skoging/frisering langs vegen, frå høgdebassenget og opp til første bruovergang. Dette for å trygge veg og betre sikt/oversyn.

Kommunen vil dokumentere tilstand på veg i forkant av oppstart anleggsarbeid.

 1. 

 

1. Riggområde ved Vårsetra

2. Riggområde ved Fossane.

 2.