Oppsummering av møte i Stad kommunestyre 04.02.2021

Stad kommunestyre hadde møte torsdag 4. januar 2021. Kommunestyret handsama 25 saker. Her følgjer ei kort oppsummering av nokre sentrale vedtak. 
 

13 millionar til startlån til bustader.
Stad kommunestyre godkjende eit låneopptak i 2021 på kr 13 mill NOK i Husbanken som startlån for vidareutlån. Startlån frå kommunen er meint til dei som ikkje får bustadlån i vanleg bank og ikkje har evne til å spare opp eigenkapital. Lånet skal gå til kjøp av bustad, utbedring eller tilpassing av bustad, bygge ny bustad eller refinansiere dyre lån. Startlån er eit viktig bustadpolitisk virkemiddel som Stad kommune ynskjer å nytte meir i tida framover. 

Deltaking i Digi Vestland
Kommunestyret at Stad kommune ynskjer å vere med i eit nytt samarbeid mellom kommunane i Vestland fylke om digitalisering av offentleg sektor, Digi Vestland.  Målet med samarbeidet er å gjere det lettare for kommunane å «rulle ut» nye digitale løysingar i offentleg sektor som forenklar kvardagen både for tilsette, innbyggjarar og næringsliv. 

Sal av helsesenteret i Selje
Kommunestyret vedtok eit framforhandla framlegg til kjøpekontrakt mellom Stad kommune og Selje Hotell Invest AS for helsesenter-tomta i Selje, med ein merknad om at kommunestyret ynskjer å få forkorta tidsfristen i avtalen og få vurdert formuleringar om tinglysing av gjenkjøpsavtale og midlertidig sikring av tomta mot pantsetjing. Kjøpssummen er 6 mill NOK, som er i samsvar med takst. Avtalen vart vedteken mot 11 røyster (Sp og SV). 

Saka kjem opp som følgje av Selje Hotell Invest (SHI) sine byggjeplanar for nytt hotell i Selje. SHI har overteke eigedommane på begge sider av helsesenteret. Plasseringa av det kommunale bygget er til ulempe for ei samla utvikling av strandsona langs Seljesanden. Kommunen disponerer bygget i 20 mnd frå signering av kontrakt. Fristen er sett for å gje kommunen nok tid til å etablere nye lokale for tenestene som er i bygget i dag (m a legekontor og helsestasjon). 

Ny lokalisering av legestasjon og helsesenter i Selje
Kommunestyret vedtok å samlokalisere Selje legesenter og helsestasjon i eit nybygg ved Selje eldretun (Seljetunet) innanfor økonomisk ramme sett i budsjettvedtaket for 2021 (18,2 mill NOK). Tenestene blir samlokaliserte då ein ser dette som den helsefagleg beste løysinga. Tannlegekontor kan ha anna lokalisering i Selje, aller helst i nærleiken av Seljetunet.

Privat barnehage på Ytre Stad 
Kommunestyret vedtok at Stad kommune ikkje vil imøtekome søknaden om kapital- og driftstilskot for privat barnehage på Ytre Stad. Dette grunna i at det er kapasitet på Leikvang barnehage (på Leikanger, fastsett i Samfunnsdelen av kommuneplanen som lokalsenter for Stadlandet), ein barnehage der kommunen har brukt 10 mill på utviding/ oppdatering for å dekke noverande og framskrive behov. Skulle situasjonen endre seg og kapasiteten på Leikvang bli for liten, vil Stad kommune sjå positivt på ny søknad om etablering av barnehage på ytre Stad. 

Vedtaket vart gjort med 21 mot 12 røyster (Frp, Krf, 4 V og 3 Sp). Mindretalet ynskte å imøtekome søknaden om kapital- og driftstilskot for 18 nye barnehageplassar i Ytre Stad Barnehage. 

Stad Skipstunnel: Forprosjekt for fleirbrukshamn/kai på Leikanger med bruk av tunnelmasser
Kommunestyret vedtok ein samla plan for organisering av Stad kommune sitt arbeid knytt til Stad Skipstunnel, som nyleg er vedteken av Stortinget med byggjestart rundt årsskiftet 2021/22. 

Stad kommunestyre løyvde kr 3 mill NOK frå kommunen sitt disposisjonsfond for førebuing og gjennomføring av prosjektarbeid og tiltak knytt til Stad Skipstunnel som må starte i 2021 og ikkje kan finansierast over investeringsbudsjettet. Kommunestyret har tidlegare avsett ca 10 mill NOK i investeringsbudsjettet for 2021 og 2022 til investeringstiltak knytt til Stad skipstunnel. 

Kommunestyret ba også Kommunedirektøren snarast starte arbeid med forprosjekt for fleirbrukshamn/kai på Leikanger med bruk av tunnelmasser, og forprosjekt for deponiområde på begge sider av tunnelopninga. 

Økonomisk oppgjer grensejustering Bryggja
Kommunestyret i Stad godkjende meklingsresultatet mellom Kinn og Stad, der kommunane er samde om å inngå ein avtale etter inndelingslova § 19 der det økonomiske oppgjeret er på kr 30 millionar. Oppgjeret omfattar eigedomar/anlegg innanfor det geografiske området som er grensejustert (kommunalt eigde bygningar/bustader, vegar, VA-anlegg, kyrkje/gravplass etc). Avtalen må også vedtakast av Kinn kommunestyre for å vere gyldig. 

Partane er ikkje samde om det i tillegg skal gjennomførast ei erstatning etter inndelingslova § 21. Kinn kommune meiner det er relevant å krevje erstatning, medan Stad kommune meiner at denne type erstatning ikkje er relevant i denne grensejusteringa. Dette spørsmålet har Kinn kommune krevd skjønn om til Skjønnsnemnda etter inndelingslova. 

Avtale om organisering av Regionalt Pilegrimssenter Selje
Kommunestyret godkjende framlagt avtale om organisering av Regionalt Pilegrimsenter Selje. 
Regionalt pilegrimssenter Selje er eitt av 4 kystpilegrimssenter langs kystpilegrimsleia som går frå Egersund til Trondheim (dei andre er Avaldsnes, Bergen og Smøla). Til kvart kystpilegrimssenter ligg eit utval av nøkkelstader. Selje regionale pilegrimssenter skal koordinere den statlege pilegrimssatsinga i Kystpilegrimsleia frå Fensfjorden i sør til grensa mellom Vestland og Møre og Romsdal i nord. Pilegrimssatsinga skal vere eit samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, menigheiter, reiselivs-og næringslivsaktørar, frivillige organisasjonar, grunneigarar og kulturinstitusjonar. 

Partnarskapsavtalen regulerer ansvaret mellom RPS Selje, Stad kommune og nøkkelstaden Selje.

 

Her kan du sjå alle sakspapir og vedtak frå møtet 04.02.2021.