Planprogram for revidering av samfunnsdelen til Stad kommune er fastsett.

Vedtak om å revidere kommuneplanen sin samfunnsdelen i haust 2024 vart gjort av Stad kommunestyre i møte 12. september 2024 , i sak om godkjenning av «Utviklingsplan for 2024-2028. Kommunal planstrategi.»


Stad formannskap vedtok i møte 17.10.2024, sak 24/127, oppstart av arbeidet med revidering av samfunnsdelen, og i 14.11.2024, sak 24/151, å legge planprogram for revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel ut til offentleg ettersyn, samt å ta inn Berekraftig økonomisk utvikling, som kulepunkt for arealstrategiane på side 11 i planprogrammet.  Stad kommunestyre gjorde 13. mars 2025 følgande vedtak i saka.

KS - 25/044 Vedtak:
Planprogram for revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel blir vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 11-13.

Planprogrammet omtalar planprosessen for revidering av samfunnsdelen på eit overordna nivå. Revidering handlar i hovudsak om:

  1. Endring av målstruktur
  2. Forankring av satsingsområda
  3. Revidering av arealstrategiane


Gjeldande samfunnsdel av kommuneplanen er eit godt styringsreiskap for kommunen, og er ein plan vi har fått positiv merksemd for i nasjonal samanheng. Planen er eit godt dokument som legg grunnlag for utvikling i kommune gjennom plansystemet. Likevel ser vi i planperioden behov for å gjere endringar i planen. Samfunnet har endra seg mykje sidan samfunnsplanen vart vedteken i 2020. Vi har vore gjennom ein svært omfattande pandemi, det har brote ut krig i Europa, dei geopolitiske spenningane har auka, krava til klima og miljø er betydeleg innskjerpa og den teknologiske utviklinga går i stor fart. For å nemne noko.

 


Framover ventar vi større endringar i den demografiske samansettinga, samtidig som hjelpebehovet til den yngre brukargruppa aukar. I fjor var det første året i Stad kommune at talet på eldre var større enn talet på innbyggjarar i «yrkesfør» alder. Det var også då Stad kommune for første gong ikkje kunne levere ein økonomiplan i balanse, og Stad kommune er no i Robek. Program for berekraftig økonomi 2025 – 2028 skal bidra til at Stad kommunestyre når si målsetting om ein økonomiplan for perioden 2026 – 2029 i balanse. Dei nasjonale føringane for samfunns- og økonomiplanlegging krev at kommunane aukar fokuset på ei samordning av samfunns- og økonomiplanlegginga for å betre realismen i planane, og forenkle og effektivisere planarbeidet. Krava til denne koplinga mellom samfunnsplanlegging og økonomiplanlegging er skjerpa i ny kommunelov, og det medfører ei sterkare forventning til reell koordinering og samanheng i dei kommunale planprosessane.

Eldre person i rullestol i dialog med einhjelpepleiar - Klikk for stort bilete Helle Frogner

Ein revidert og konkret samfunnsplan skal bidra til at kommunestyret sine prioriteringar blir kommunisert ut til innbyggjarane i Stad kommune, samtidig som den skal tene som kommunestyret sitt felles overordna politiske styringsverktøy.


Stad kommunestyre har i utviklingsplanen vedteke å tilpasse samfunnsdelen til Stad kommune sitt overordna styringssystem Framsikt (satsingsområde, målstruktur og kopling mot økonomiplan/handlingsdel) og revidere arealstrategiane i kapittel 6.1 Planprogram som ligg føre til vedtak viser korleis vi tenker satsingsområda og endra målstruktur kan bli innarbeida i samfunnsdelens kapittel 4.


Vi vil ta utgangspunkt i dei vedtekne satsingsområda i Stad kommune sin utviklingsplan (planstrategi), ved val av satsingsområde. Innhaldet i målstrukturen skal bygge på allereie vedtekne overordna planar.
 

 

 

Endringa av samfunnsplanen sitt kapittel 4 skal forsterke samanheng mellom kommuneplanen sin samfunnsdel og økonomiplan, og bidra til å skape forståing for målsetningane i komande
økonomiplan.


Kapittel 6.1.; Overordna strategiar for arealplanlegging i Stad kommune, skal òg reviderast. Arealstrategiane er koplinga mellom kommunen sin samfunnsdel og kommuneplanen sin arealdel, og fastset hovudprinsippa for Stad kommune sin langsiktige arealbruk, arealforvaltning og stadutviklinga, og legg grunnlaget for kommuneplanen sin arealdel. Vi skal òg vurdere ein eventuell endring av kommunen sin senterstruktur med bakgrunn i vedtak i KS-sak 23/162; Innbyggjarforslag frå lokalt knutepunkt til lokalsenter.

Fastsett planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel kan de lese her