Råd for gjeldande smittesituasjon pr. 10. mars 2021

Stad kommune har dei siste dagane gjort eit omfattande arbeid med smittesporing og kartlegging av covid-19-utbrotet i kommunen. Omlag 400 personar er testa 8. og 9. mars. 

Sjølv om utgangspunktet for utbrotet er ukjent, har alle dei påviste smitte-
tilfella (pr. 9. mars) ei kopling til kvarandre. Det gjer at ein gjennom smittesporing, karantene og testing framleis vil kunne oppnå aukande grad av kontroll på 
utbrotet. Dette arbeidet held fram med full styrke. 

For å bidra til å få kontroll på utbrotet kan kvar enkelt innbyggjar 
sin innsats vere viktig den næraste tida framover:

• Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom. 

• Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule. 

• Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara. Vi minner også om den nasjonale tilrådinga om å unngå unødvendige reiser, også innanlands.