Registrering av asylsøkjarar frå Ukraina

Ukrainarar med familie og vener i Norge kan på eiga hand ha funne innkvartering i ein bustad. Det er viktig at dette vert formalisert ved registrering slik at kommunen avtalar busetting med IMDi.

Å verte registrert som asylsøkar er viktig for mellom anna å utløyse rett til økonomisk stønad, mottaksplass/bustad, helsetenester, barnehage, skule osb. i det norske samfunnet. Utgangspunktet er at dei som har behov for å søke vern (asyl) og bli innkvartert på asylmottak i Noreg, vert tatt imot på Nasjonalt ankomstsenter i Råde. Ukrainarar som oppheld seg i Stad, og som av ulike grunnar syns det er vanskeleg å reise til Råde, kan likevel registrere asylsøknaden sin ved eit registreringssenter for ukrainske flyktningar som Vest politidistrikt no har opna på Thon Hotel Bergen Airport.

Sjølv om det vert ei forenkla saksbehandling av flyktningar frå Ukraina, kan det sannsynlegvis verte lang ventetid for mange. Dei som kjem til registreringssenteret og har lang reiseavstand frå familie/vener dei oppheld seg hjå, vil bli tatt vare på og få innkvartering.

Ved kø er det førebels berre mogleg å få tildelt tid for registrering seinare, ved å møte opp på registreringssenteret. Vest politidistrikt arbeider med å få på plass ei timebestillingsløysing. Politiet vil informere om timebestillingsløysinga så snart den kjem på plass, og vi vil halde kommunane orientert så fort vi får ny informasjon.

Vi oppmodar alle til å bidra til at informasjon om registrering og timebestillingsløysing når ut til ukrainarar som oppheld seg i kommunen, og som ønskjer å registrere asylsøknad.

Les meir om registrering (artikkel Statsforvaltaren i Vestland).

Infoside knytt til angrepet - Statsforvaltaren i Vestland