Snørydding og bortkøyring av snø i bustadfelta på Nordfjordeid

 Stad kommune har tidlegare denne veka starta å køyre bort snø frå vegar og snuplassar i bustadfelta på Nordfjordeid.

 Arbeidet er utfordrande og tek tid, og brøytarane rekk ikkje overalt til ei kvar tid – men dei prøver så godt ein kan å ta unna.

Siste snøbyga for denne sesongen er nok ikkje komen, og Stad kommune oppmodar om å parkere slik at ryddemannskap kjem fram med maskinene for på den måten hjelper bilistane oss med å gjere vegane meir framkomelege for alle.

Stad kommune vil fortsetje arbeidet med å rydde unna snø for å gjere plass til meir.