Søk kulturmidlar - frist 1. juli

Dei ordinære kulturmidlane (driftstilskot) blir tildelt 1 gong i året etter søknad.

Søknad skal leverast digitalt innan 1. juli 2022.

Idrettsorganisasjonar skal ikkje søke her. Kulturmidlar til idrett blir fordelt av Stad idrettsråd.

Fordelinga av tilskotet til det enkelte lag og organisasjon, blir gjort administrativt etter følgjande reglar:

  • Laget må ha eit styre, betalande medlemer og føre eige rekneskap. Medlemsliste for betalande medlemmer i søknadsåret må leggast ved søknaden.
  • Kommunestyret fastset ramma for dei årlege kulturmidlane som blir delt ut til: idrettsorganisasjonar, song- og musikkorganisasjonar og andre lag og organisasjonar i Stad kommune.
  • Tildelinga blir gjort administrativt ut frå budsjettramme og retningsliner vedtatt i Kommunestyret.
  • Det er hovudlaget som søkjer og fordeler innan eigen organisasjon.
  • Lag og organisasjonar som aktiviserer barn, unge og funksjonshemma, vert prioritert.
  • Minimumsløyving er kr. 1 000,- til kvar søkjar, så lenge avsett ramme tillèt det.

Unnateke frå stønad:

  • Lag som primært tek vare på dei yrkesmessige og økonomiske interessene til medlemmene.
  • Politiske parti (inkludert ungdomsorganisasjonar)
  • Statlege, fylkeskommunale og kommunale institusjonar/anlegg
  • Organisasjonar utanfor Stad kommune
  • Organisasjonar der ein viktig del av verksemda er å samle inn til andre formål

Der laget har eit overordna råd (t.d. Stad idrettsråd) skal desse ha saka til uttale før endeleg fordeling blir gjort.

Tildeling/ utbetaling:

  • Vedtak om tildeling av kulturmidlar blir sendt den som står som kontaktperson for søknaden.
  • Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.
  • Tildelte midlar blir innan 1 månad utbetalt til det kontonummer som står oppgjeve i søknaden

Revisjon av retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Stad kommune vert gjort etter at kulturplan og plan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett er ferdigstilt i 2023:

Søk her om kulturmidlar

Retningslinjer for kulturmidlar finn du her (PDF, 2 MB)