Spelemidlar 2023 - Søknadsfrist 01.november 2022

Spelemidlar 2023 - Søknadsfrist 01.november 2022

 

 

Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar?

 

 

Frist 1. november 2022

  1. Søknadfrist for å søke om spelemidlar 2023
  2. Frist for å sende inn innspel til handlingsprogrammet 2023-2026 (For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan)

Spelemiddelsøknad 2023

Søknaden skal sendast inn elektronisk via nettsida www.anleggsregistert.no
denne sida vil du finn den informasjon du treng for spelemiddelsøknad med blant anna

  • vilkår og krav
  • søknadsprosess
  • dokumentasjonskrav
  • hjelp til utfylling

Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2022 For tildelinger i 2023.

Søknadsskjema

Søknadsskjema er elektronisk og du må nytte din personlege Bank ID for pålogging. Trykk på «Logg på Skjema» på denne sida for å logge inn på søknadsskjema.

Elektronisk søknadsskjema

Anleggsnummer

Anlegget må være registrert i Anleggsregisteret av kommunen. Den enkelte organisasjon må ta kontakt med kommunen for å få anlegget oppført i registeret. Dersom korrekt organisasjon er kopla til korrekt anlegg av kommunen i Anleggsregisteret, vil søkar få opp ei liste over sine anlegg ved utfylling av søknaden.

Er det nytt anlegg må de sende informasjon om anlegget/prosjektet og be om anleggsnummer til e-post: anna.karete.bjorlo@stad.kommune.no

Hadde du godkjent søknad, men ikkje tildeling sist? 

  • Husk at du må fornye søknaden. 
  • Husk å legge inn eventuelle endringar i prosjektet.

Dersom det var du som fylte ut søknaden i fjor: Då vil du få opp forslag om å fornye/gjenta søknaden i vindauget som kjem opp etter pålogging til søknadsskjemaet.

Dersom nokon andre fylte ut søknaden for din organisasjon i fjor: Då må du ha referansenummeret på den tidlegare innsendte søknaden, og organisasjonsnummeret til organisasjonen du fyller ut søknad for. Etter pålogging på skjemaet vel du linken “Andre søknader til gjentakelse/fornying” nederst i vinduet som kommer opp. Her skriv du inn referansenummeret og organisasjonsnummeret.

Innspel til handlingsprogram 2023-2026

Fristen for å sende innspel til handlingsprogrammet 2023-2026 er 01. november 2022.
For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan. Kvart år blir handlingsprogrammet rullert. 

Kva betyr rullering av handlingsprogrammet? 
Handlingsprogrammet gjev ei oversikt over kva anlegg som det er planlagt å søkje spelemidlar for, og det er også eit vilkår for å kunne søkje spelemidlar at anlegget er vedteke inn i ein kommunedelplan. Det er anleggseigar sjølv som spelar inn anlegget. Handlingsprogrammet synleggjer elles behov av anlegg som kan løyse ut spelemidlar.

I denne rulleringa kan kommunen vedta å ta inn i handlingsprogrammet: 
· Alle typar anlegg (ordinære anlegg og nærmiljøanlegg) 
· Tiltak frå langtidsprogrammet i kommunedelplanen 
· Tiltak som allereie ligg i vedteken handlingsprogram for 2022-2025 blir vidareført om det ikkje er sendt inn melding om endring.

Alle lag og organisasjonar må sjå gjennom tidlegare vedteke handlingsprogram for å vurdere om sine anlegg/prosjekt framleis er aktuelle? 
Er det ikkje konkrete planar om det aktuelle anlegget/prosjektet i løpet av dei neste 4 år, må du sende inn informasjon om dette.

Førre vedteke handlingsprogram til Stad kommune 2021-2024. (PDF, 379 kB) 
Dei anlegg/prosjekt som fekk tildeling av tilskot i 2022 ligg i dette handlingsprogrammet, men blir tatt ut av programmet i arbeidet fram mot nytt handlingsprogram.

Kva må vere med i eit innspel?

  • Informasjon om prosjektet? (mest mogleg informasjon om prosjektet for eksempel oppstartplan, ferdigstilling, kostnadar osv. Dette vil variere då det er ulikt kor langt ein er kome i planlegginga)
  • Kven spelar det inn og har planar om dette anlegget?
  • Kvar skal anlegget ligge? 

Frist for innspel til handlingsprogrammet er sett til: 1. november 2022

Skriftleg innspel sendast til: 

Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, 

Eller e-post: post@stad.kommune.no

Merk med/emnefelt: Innspel til handlingsprogram - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2023-2026

Har du spørsmål når det gjeld søknad om spelemidlar eller innspel til handlingsprogrammet ta kontakt på e-post:

  • anna.karete.bjorlo@stad.kommune.no
  • arild.vonheim@stad.kommune.no

Har du huska å oppdatere «Stad Foreningsportal»?

Det er laga sjølv som oppdatera sin informasjon.
Manglar ditt lag tilgang? Ta kontakt på Tlf.: 41460042 / post@eid.frivilligsentral.no
https://stad.foreningsportal.no/