Stad får 3 millionar til helsestasjon og skulehelseteneste

Stad kommune har fått innvilga eit treårig tilskot frå Helsedirektoratet på til saman 3 mill kr for å styrke og utvikle helsestasjons- og skulehelsetenesta til born, unge og foreldre i kommunen.

- Å satse på helsestasjon og skulehelseteneste er noko av det viktigaste vi kan gjere for å bygge eit godt lokalsamfunn, og hjelpe born, unge og foreldre å få ein trygg kvardag, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.

- Det er svært gledeleg at vi har fått innvilga søknaden om å halde oppe det forsterka fagmiljøet innanfor helsestasjon og skulehelseteneste vi no har bygd opp i Stad kommune og utvikle tenestene vidare, seier einingsleiar for Helse i Stad, Linda Gotteberg.

Helsestasjonen i Stad følgjer opp gravide gjennom svangerskap og barselperiode, tilbyr Helsestasjon for born 0-5 år på Nordfjordeid og i Selje, skulehelsetjeneste for både barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule og har Helsestasjon for ungdom.  

Eid og Selje hadde for få år tilbake om lag 5 stillingar samla til helsestasjon og skulehelseteneste. Nye Stad kommune sitt fagmiljø på området er auka frå 5 til 8 stillingar, med godt kvalifisert personale over heile linja. 

– Styrkinga av helsestasjonen med ekstra statlege midlar dei siste åra har gjort det mogleg å utvikle både breidda og kvaliteten i tilbodet, seier einingsleiar Linda Gotteberg. – Vi har mellom anna fått på plass tilbod om foreldrerettleiing, er meir tilgjengelege for born og unge ute på skulane og er tilgjengelege på sosiale media/ plattformer der vi treff ungdom på nye måtar.

- Med dei ekstra statlege midlane vi no har fått, er vi trygge på at vi kan halde oppe og utvikle det forsterka tilbodet og fagmiljøet i Stad kommune på helsestasjon og skulehelseteneste også i åra framover, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Frå venstre: Stine Jebsen (helsesjukepleiarstudent), Linda Gotteberg (einingsleiar Helse), Britt Tomasgard (fagleiar Helsestasjon) og Alfred Bjørlo (ordførar i Stad).