Stad kommune delar sin erfaring frå velferdsteknologi

Hjelpemiddelmessa vart arrangert i Førde 1. juni 2022. Hjelpemiddelmessa er eit møtepunkt for leverandørar, NAV Hjelpemiddelsentralen, brukarar og pårørande i tillegg til tilsette i helse- og omsorgstenesta.

På årets messe var Stad kommune invitert inn for å halde fagseminar og dele erfaringar frå Velferdsteknologi og Digital heimeoppfølging, som Stad har vore pilotkommune for.

- Ved å ta i bruk velferdsteknologi kan vi sjå gevinstar i form av færre kostnader, spart tid og sist, men ikkje minst auka kvalitet i tenestene, sa Hilde Barmen, rådgjevar og prosjektleiar for Velferdsteknologi i Stad kommune.

 

Hilde Barmen er frå mai 2022 til 2025 tilsett som rådgjevar og prosjektleiar i ei 3-årig prosjektstilling innan velferdsteknologi. Ho har sidan 2019 hatt ei 20% stilling.

Hilde har tidlegare jobba som ergoterapeut i Vågsøy/Kinn sidan 2006 og har vidareutdanning innan velferdsteknologi frå 2015.

Frå høgre: Ergoterapeut Hilde Isane Hjelle, fysioterapeut, medarbeidar i Digital heimeoppfølging, Emilie Nyheim og rådgjevar Velferdsteknologi, Hilde Barmen.