Stimuleringstilskot til veterinære tenester dagtid – utlysing av midlar

Vi ønskjer stabil og trygg veterinærdekning i våre område. Ytre Nordfjord vaktområde er rekna som eit næringssvakt område for veterinærar, og det er høve til å søke om stimuleringstilskot for å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i vårt distrikt.

Veterinærar i kommunen kan søke om stimuleringstilskot til mellom anna drift, kurs, teknisk utstyr og meir.

I år er det slik at veterinærane må søke kommunen om stimuleringstilskot før kommunen søker om økonomisk ramme frå Statsforvaltaren. Alle veterinærar som arbeider og bur i Ytre Nordfjord vaktområde har same moglegheit til å søkje om tilskot. Døme på kva tilskotet det kan søkast om er drift, kurs og teknisk utstyr med meir.

Stad kommune kan prioritere veterinærar som deltek i vaktordninga.

Søknadsfrist og spørsmål
Søknadsfrist til Stad kommune er sett til 24. februar. Søknader skal sendast til post@stad.kommune.no

Søknadene frå veterinærane vil bli handsama etter at Stad kommune får tildelt ramme frå Statsforvaltaren.

Dersom du har spørsmål til ordninga kan du kontakte landbrukssjef Trine Alme på tlf. 97 99 10 48.