Stortingsval 2021 – Tidlegrøysting

Valdagen i Stad kommune er måndag 13. september 2021.  Dersom du ikkje kan røyste i førehandsrøystingsperioden eller på valdagen kan du tidlegrøyste.

Du kan tidlegrøyste frå 1. juli. til og med måndag 9. august på rådhuset på Nordfjordeid og kommunehuset i Selje i opningstida. Hugs legitimasjon.

Ved tidlegrøysting er det berre mogleg å røyste på parti, ikkje på person.

Det er også mogleg å røyste frå utlandet frå 1. juli og fram til og med 3. september.

Den ordinære førehandsrøystingsperioden er frå tysdag 10. august til og med fredag 10. september. Du kan førehandsrøyste i kva kommune som helst.

Du finn meir informasjon om valet på her på sida vår og på valg.no.

 

Stad valstyre