Stortingsval og Sametingsval 2021 – førehandsrøysting frå 10.08.2021

Valdagen i Stad kommune er måndag 13. september 2021. Du kan førehandsrøyste i perioden tysdag 10. august til og med fredag 10. september.

Du kan førehandsrøyste i kva kommune som helst. I Stad kommune kan du førehandsrøyste på rådhuset på Nordfjordeid og kommuneshuset i Selje i opningstida.

På valdagen 13. september må du røyste i kommunen du er folkeregistrert busett i per 30. juni 2021. Du kan røyste i kva som helst av vallokala i kommunen.
Dersom du er i karantene, ber vi deg om å vente med å røyste til karantenetida di er ferdig. Dersom du er i isolasjon, skal du røyste heimanfrå. Du kan kontakte kommunen for å avtale tid. 

Dersom du er sjuk eller ufør kan du ta kontakt med kommunen innan kl.10 den 8. september for avtale om å førehandsrøyste heime. 
Hugs legitimasjon.
Du finn meir informasjon om valet på her på sida vår og på valg.no

Stad valstyre