Symjebasseng i Selje - vidare prosess

Stad kommune lyste 31. mars 2021 ut på anbod bygging av symjehall i Selje (inkludert tomt), med anbodsfrist 14. juni 2021. Det kom inn eitt tilbod innan fristen. 

Administrasjonen har hatt dialog med tilbydar, men ein har ikkje kome ned på eit akseptabelt kostnadsnivå ut frå den økonomiske ramma sett for prosjektet. 

Ut frå dette er den utlyste konkurransen avlyst. Det vil bli lagt fram ei sak til politisk handsaming over sommaren om vidare framdrift for å realisere nytt symjebasseng i Selje slik det er fastsett i vedteke budsjett og økonomiplan for Stad kommune.