Telenor varslar om redusert kapasitet/dekning 28.2 - 19.3Telenor oppgraderar no mobilnettet slik at fleire får tilgang til 5G og enda bedre kapasitet på 4G. Oppgraderingaskjer ved at basestasjonane blir oppgradert. Under oppgraderinga vil det vere lågare kapasitet, og i periodar ingen dekning, i området basestasjonane dekker. Dette gjeld kun i område der ein ikkje har overlappande dekning frå ein annan basestasjon.Det er 28. februar planlagt oppstart av arbeid på ein basestasjon som dekker delar av Stad kommune. Arbeidet er forventa ferdigstilt 19. mars. Arbeidet har referansenummer 33120. Under finn du eit kartutsnitt over området som vil kunne oppleve periodevis redusert kvalitet og manglande dekning i høve arbeidet*. Kundar som har Telenor trådlaust breiband og mobilt abonnement blir kontakta direkte av Telenor, dersom det er forventa at ein mistar dekning på registrert adresse. (XLSX, 11 kB)For meir informasjon om utbygging og dekning finn du på Telenor si nettside.*Oransje = kapasiteten kan bli redusert. Raudt = dekninga kan forsvinne heilt Illustrasjon Telenor Mobil Publisert 10.03.2025 09.59 Sist endra 10.03.2025 09.59