To nærkontaktar har laurdag testa positivt for covid-19 i Stad kommune

Stad kommune har fredag kveld og laurdag gjennomført smittesporing i samband med at ein person fekk påvist smitte med covid-19 fredag kveld. Nærkontaktar til denne personen er sett i karantene og testa. Prøven er sendt vidare til Haukeland sjukehus for avklaring med tanke på evt. muterte virustypar, og svar er venta i starten av veka som kjem.   

Ved bruk av hurtigtestar har to av nærkontaktane testa positivt laurdag, og desse er sett i isolasjon. Desse og dei andre nærkontaktane er også testa med PCR-testar, og svar er venta søndag ettermiddag.

Vidare smittesporing er gjort rundt dei to nye med påvist smitte. Nærkontaktar til desse er sett i karantene og vidare testing vert gjennomført søndag.

Fordi det framleis er ukjend smitteveg og uavklart om det kan dreie seg om ein mutert virustype, har kommunen hatt lav terskel for karantene og testing for å få best mogeleg kontroll på situasjonen. På grunn av dette er til saman nærare 60 personar sett i karantene i kommunen i samband med desse tre smittetilfella. Smittesporing og kartlegging av nærkontaktar omkring dei smitta er no fullført, og vidare utvikling vil vere avhengig av prøvesvar dei komande dagane.

Behovet for eventuelle ytterlegare smitteverntiltak i kommunen vert fortløpande vurdert etter kvart som testresultata ligg føre.