Totalforbod mot å gjere opp eld frå 5. august

Ein kombinasjon av høg temperatur, vind og lite nedbør har medført at det no er stor skogbrannfare i store delar av kommunen vår. Stad kommune legg derfor ned forbod mot å gjere opp eld utandørs. Forbodet gjeld også faste bål- og grillplassar og bruk av eingangsgrill.

Forbodet gjeld frå i dag 5. august til og med 20. august 2021.

Bålforbod generelt

Mellom 15. april til 15. september er det i heile landet forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog eller anna utmark utan løyve frå kommunen.

Viser til Skogbrannindeks på Yr.no.

Heimel for Forbodet framgår av Forskrift om brannforbygging §3, samt Brann- og eksplosjonsvernloven §37.