Transport og mobilitet i Stad kommune - analyseAnalysen er utarbeidd for å belyse transport og mobilitet i kommunen frå ulike sider. Transport spelar ei viktig rolle i samfunnsutvikling og klimaarbeid. Kommuneplanen sin samfunnsdel fastset samfunnsmålet: «Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag». 27 utdjupingar av samfunnsmålet beskriv dette målet i detalj. Berekraftig mobilitet og trygge transportsystem er ein sentral del av eit livskraftig samfunn, og er difor beskrive i utdjupingane.Planar er eitt av Stad kommune sine verkty for gjennomføring av dei overordna målsettingane i samfunnsdelen. Denne analysen skal bidra til at desse planane er faktabaseret. Analysen skal bli brukt i vidare arbeid med ulike planar og prosjekt, og tene som beslutningsgrunnlag for konkrete tiltak. Analysen skal bidra til å identifisere moglege grep innan mobilitet og transport.Analysen er bygd opp i fire sentrale kapittel:1.) Areal og transportutvikling2.) Mobilitet og kollektiv transport3.) Det kommunale vegnettet4.) TrafikktryggleikDesse ulike kapitla skal bidra til å sjå ulike faktorar som påverkar transport og mobilitet i ein heilskap.Analyse transport og mobilitet i Stad kommune (PDF, 4 MB) Publisert 10.02.2022 12.53 Sist endra 22.02.2022 13.00